NYHETER

Se alle artikler

Har laga verdas lengste vass-sklie til laksen

Smolten som vert produsert hos Hardingsmolt kjem med fly frå Island som rogn, og avsluttar opphaldet i smoltanlegget med ein 500 meter og fire minutt lang rutsjetur gjennom fjellet og ned til brønnbåten.

I fjor stod det nye leveringsanlegget for smolt til brønnbåt ferdig. Så langt er det levert fisk fem gonger gjennom røyrsystemet der laksen glir med vatnet som renn nedover mot sjøen og den ventande brønnbåten.

Den siste leveringa var i påska. Då var det fisk med snittvekt på 378 gram som gjekk gjennom 12-toms-røyret med ein fart på to meter i sekundet ned til det nye kaianlegget der brønnbåten tok imot.

- Me kan ta i mot brønnbåtar på opptil 5000 kubikk på kaianlegget. Det kriblar i magen fleire dagar i framkant før levering, smiler dagleg leiar Jakob Drivenes ved Hardingsmolt.

Turen tar fire minutt

Laksen som er klar til utsett vert løfta opp i eit kar der vasspegelen er på kote 12,5 meter over havet. Utanfor er berre to røyr synlege i bakken. Der vert slangar kopla på når laksen skal leverast. Deretter brukar den fire minuttar på den 500 meter lange turen gjennom røyret i fjellet.

b9d0e738d08b4cd1111845f6f4cd08e1 Hardingsmolt har laga ein 500 meterlang tunnel gjennom fjellet for å sende smolt til kaianlegget på andre sida der brønnbåten ventar. Ved anlegget er to røyr synlege. Eit til fisken, eit til vatn i retur. Foto: Joar Grindheim

Når selskapet investerte i nytt postsmoltanlegg, måtte det også lagast ny løysing for levering av fisk sidan smoltanlegget ikkje har direkte tilkomst til sjø. Løysinga vart å lage tre hol i fjellgrunnen, eit for laks til brønnbåt, eit for returvatn og eit for fiberkablar ned til kaien for å sikre god kommunikasjon.

Lukka system

Vatnet som vert brukt for å få laksen ned til brønnbåten vert frå brønnbåten pumpa opp igjen til anlegget slik at det er ei lukka vass-sløyfe.

- At det er eit lukka system gjev oss ekstra biotryggleik dersom nokon av sjøanlegga i nærleiken til dømes skulle få Ila. Me skal likevel kunne levere fisk som normalt, fortel Drivenes.

Selskapet fekk godkjent byggjeløyve for kaianlegget i fjor, og kort tid etterpå var brygga ferdig bygd. På land jobbast det framleis med oppføringa av eit naust for lagring av utstyr.

- Det bygger me sjølv i ledige stunder, fortel Drivenes.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.