NYHETER

Se alle artikler

Slik vil dei overvake giftalgane i framtida

Saman med Sea Eco håpar Funn å få på plass ein pilot som skal kunne gje sanntidsdata til oppdrettsselskapa om algar i fjordane.

- Me såg moglegheita til å kunne få utvikla ei overvaking saman med Funn ved hjelp av den nye sensoren Fluoroprobe. Algar er veldig små og vanskelege å sjå. Dei har heller ikkje fast storleik og form i livssyklusen. Nokon kan symje, medan andre held seg i ro. Det er vanskeleg å vite korleis dei ulike algane vil bevege seg, seier Tone Rasmussen i Sea Eco.

Måler klorofyll og utnyttar lyset

Ho presenterte pilotprosjektet dei ønskjer å starte, under eit arrangement på Aqua Nor tysdag. I pilotprosjektet skal dei mellom anna kalibrere sensoren mot manuelle algeteljingar lokalt for å få ut mest mogeleg informasjon.

Fluoroprobe er laga av av det tyske selskapet BBE Moldaenke. Den måler klorofyllet i vatnet og ved hjelp lyset kan proben skilje mellom seks algeklassar gjennom fargen på klorofyllet. Gjennom å plassere ut fleire sensorar på strategiske stadar i fjordane, skal sanntidsdata kunne seie noko om kva algar ein finn, lage ei djupneprofil og estimere kor store mengder det er av algane.

- Slik det har vore til no, så registrerer me ikkje algane for dei til dømes påverkar oppdrettslaksen slik det skjedde tidlegare i sommar. Me brukar i dag same metode for å telje algar som me gjorde då eg starta for 30 år sidan. Samstundes har sensorteknologien utvikla seg, seier ho.

Fann størst konsentrasjon på 20-25 meter

Ho fortel at dei begynte å måle ved hjelp av proben under algeinvasjonen tidlegare i sommar på oppdrag for Ballangen Sjøfarm. Dei ville vite om det var trygt å setje ut fisk, men såg at fleire som sette ut ny smolt opplevde høg dødelegheit.

- Det kan henge saman med at ein ikkje målte djupt nok før ein sette ut ny fisk. Me fann størst konsentrasjon av den farlege algen på 20-25 meters djupne. Dermed hadde det ikkje vore vits å senke fisken ned frå overflata slik det vart vurdert. Då hadde ein berre senka dei ned til det konsentrasjonen var høgast. At dei største konsentrasjonane vart funne så djupt, gjer også at me ikkje trur på at satellittovervaking vil fange opp utviklinga av algeoppblomstringar, seier ho.

Variasjonar mellom lokalitetane

Ho fortalde også at dei såg ulik utvikling frå lokalitet til lokalitet. I piloten ønskjer dei difor også å finne ut kva som er årsaka til at det utviklar seg ulikt frå lokalitet til lokalitet. Målet er å lage eit verktøy som gir informasjon om utvikling over tid og ein profil for kvar lokalitet der ein får oversikt over når blomstringa startar, når det er kritiske nivå, kvar i vassøyla ein finn dei ulike algane og kartlegge risikoen på dei enkelte lokalitetane.

- Me ønskjer å kunne gje eit tidleg varsel om situasjonen som kan brukast som støtte for selskapa. Det er kostbart og tidkrevjande å ta vassprøvar og telje algar manuelt, og det er ikkje tilstrekkeleg menneskeleg kapasitet for å gjennomføre 100 prosent manuell overvaking på mange lokalitetar over tid, seier ho.

Kostbart

Forretningsutviklar Bjørn Erik Rønhaug i Funn håpar å få med mange oppdrettsselskap på pilotprosjektet.

- Me ser for oss å lage eit hierarki av sensorar for å overvake heile fjordsystem. Då er det viktig å finne den beste plasseringa i fjorden og lage ein mal for målesystemet. Dersom eit selskap måler på eigen lokalitet, er det eigentleg naboen som vil få nytte av data som blir samla inn. Gjennom å samarbeide om dette, vil alle få nytte av det, seier han.

- Kva kostar utstyret?

- Det er ikkje tvil om at det er kostbart, men om fleire går saman så kan ein fordele dette, svarer han.

Sandstormar kan vere årsaka til algeoppblomstringa

Rasmussen lanserte også ein teori om kva som er årsaka til algeoppblomstringa. Fine solnedgangar.

- Rundt ein månad før algane kom, var det mange fine solnedgangar i Nord-Noreg. Slik var det også før oppblomstringa i 1991. Årsaka finn ein i sandstormar i Sahara. Dei virvla opp masse sand som blir frakta langt av garde med vindar, men det må komme ned igjen. Det gir fine solnedgangar, men denne sanden har med seg næringsstoff til sjøen som blir næring for spesielle typar algar. Ein såg også at det var mange sandstormar før algeoppblomstringa på Vestlandet i 1988. Før algeoppblomstringa i Chile for nokre år sidan, var det også store sandstormar på slettene i Argentina som trefte Chile ein månad seinare, sa Rasmussen.

- Men eg seier ikkje at dette er einaste årsaka. Men det er verd å tenke på når ein skal førebygge.