Pressemeldinger

Se alle artikler

– Unge jenter må våge å ta ein sjefsjobb

Da Liza-Mari Widnes Isaksen sin fyrste leiar spurde kva ho ville bli, var svaret enkelt: sjef. No har 27-åringen blitt headhunta som driftsleiar på eit milliardanlegg i Troms.

Om artikkelforfattaren

Artikkelforfattar Mari Lund Eide er rådgjevar i kommunikasjonseiniga ved Nord Universitet. Denne artikkelen har tidligare vore publisert på universitetet sine nettsider.

​– Eg har alltid hatt lyst til å styre noko sjølv og eg var tidleg ute med å seie at eg hadde lyst å bli sjef, seier Liza-Mari Widnes Isaksen.

For berre nokre månader sidan vart ho headhunta som driftsleiar til selskapet Norway Royal Salmon (NRS) sitt nye settefiskanlegg i Karlsøy kommune i Troms.

Heilt sidan den tidlegare Nord-studenten fekk sommarjobb på oppdrettsanlegg som trettenåring, har ho studert og arbeidd i oppdrettsnæringa.

Med seg i bagasjen har ho ein bachelorgrad i havbruk og leiing frå Nord universitet.

Fekk leiarstilling som 23-åring

Etter erfaringane i sommarjobben på oppdrettsanlegget i heimkommunen følgde Liza-Mari opp si nyvunnen interesse for havbruksnæringa med å velje blå line, eller akvakultur, på vidaregåande. Ho fekk etter kvart både praksisplass, sommarjobb og plass som lærling på settefiskanlegget i heimkommunen.

Herifrå var vegen til å studere havbruk og leiing på Nord universitet kort.

Ho fortel at ho var ein engasjert student, som både vart leiar for studentorganisasjonen NUGLA og arrangementet Havets Døgn.

Da det gjekk mot slutten av studietida fekk ho jobb som driftsassistent på eit nytt settefiskanlegg, Helgeland Smolt. Den jobben takka ho ja til, samstundes som ho gjekk i gong med bacheloroppgåva.

– Eg byrja i jobben som driftsassistent på eit settefiskanlegg utan driftsleiar. Det låg litt i korta at det var eg som skulle få den leiarstillinga. Da var eg 23 år og skreiv bacheloroppgåve samtidig, fortel ho.

– Har du særs god arbeidskapasitet som meistra fulltidsjobb og studiar samtidig?

– Ja, det kan hende, men eg treivst så godt med det eg heldt på med. Eg fekk også skrive bacheloren om eit prosjekt vi gjennomførte på jobb, seier ho.

Har ettertrakta kompetanse

Involverer lokalsamfunnet: Det er viktig for oss at innbyggjarane i Karlsøy veit kva vi held på med på anlegget. Difor har vi involvert lokalsamfunnet i heile byggeprosessen. Det har gjort at folk har blitt veldig positive til prosjektet, fortel Liza-Mari. Foto: privat.

Ho var i Helgeland Smolt i tre år før ho vart headhunta til Norway Royal Salmon sitt nye anlegg i Troms, der ho no er driftsleiar. Ifølgje ho sjølv vart ho ettertrakta på grunn av kompetansen ho har.

– Eg fordjupa meg i resirkuleringsteknologi og sit difor på kompetanse som mange ikkje har. Det var kanskje difor eg vart headhunta til ny jobb. Det er lurt å fordjupe seg i noko som det ikkje finst så mykje kompetanse på, meiner Liza-Mari.

Men det er ikkje berre kompetansen hennar i seg sjølv som har gjeve ho moglegheiter. «Stå-på»-vilja hennar har gitt resultat:

– Eg har jobba knallhardt, bevisst og målretta, seier ho.

Liza-Mari vil oppmode fleire jenter til å følgje hennar døme og søkje seg til havbruksnæringa – og til å ta sjefsjobbar.

– Unge jenter må våge å satse – tørre å ta ein sjefsjobb. Vegen dit går seg til etter kvart.

Betre kjønnsbalanse i havbruksnæringa

Liza-Mari meiner inntrykket av havbruksnæringa som ei mannstung næring er i ferd med å endre seg.

– Næringa har vore mannsdominert, men på få år har dette endra seg. På settefiskanlegga er fordelinga mellom menn og kvinner no jamnare.

Ho merkar også auka interesse for havbruksnæring frå ungdommane ho møter:

– Det verkar som om det har blitt meir populært å gå denne vegen enn før, meiner ho.

Kjønns- og aldersbalansen er viktig for Liza-Mari når ho no er i ferd med å tilsetje nye medarbeidarar på settefiskanlegget i Karlsøy kommune:

– Det er viktig å ha ei god blanding av ulike folk, både kjønn og alder, seier ho.