Pressemeldinger

Se alle artikler

Har fått påvist listeria i Salma

Bremnes Seashore har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein Salma halvloin med slaktedato 3. oktober 2019.

— For å vera heilt sikre kallar tilbake me alle Salma-produkt knytt til denne slakte/pakkedagen. Dette gjeld alle Salma-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det Salma Smoked merka med partinummer 221252, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei tilbaketrekte produkta har vore i sal i butikk frå måndag 7. oktober, med unntak av OBS Haugesund der varene var i sal frå fredag 4. oktober.

— Me beklagar det som har skjedd. Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake, skriv selskapet.

Dei skriv vidare at det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria.

— Bremnes Seashore har eit omfattande prøvetakingsregime og vaskar ned produksjonslokala kvar einaste dag for å sikra god hygiene og trygg mat. Som følge av påvisinga har me gjort ekstra tiltak med demontering og desinfisering. Produksjonen frå etterfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore, understrekar selskapet.