Priser

Se alle artikler

- Det er laks overalt

Slaktevoluma er framleis høge og lakseprisen går ytterlegare ned den kommande veka – bortsett frå for den største laksen.

Det viser ein runde IntraFish har med aktørar i laksemarknaden fredag ettermiddag.

- Det er laks overalt. Me har nok laks på lager og kjøper ikkje før prisen kjem lengre ned enn det oppdrettarane vil akkurat no, seier ein av innkjøparane hos ein lakseforedlar på kontinentet som IntraFish har snakka med.

Prisen skal ned

Det same seier alle aktørane IntraFish har fått tak i fredag. Sjølv om det er gjort lite handel, er meldinga klar. Prisane skal ned samanlikna med nivået sist veke.

- Oppdrettarane ønskjer å få same prisen som sist veke, men dei blir pressa på pris. Prisen vil nok gå litt ned, seier ein.

- Laks mellom 3 og 6 kg går ned i pris, mens laksen over 6 kg går opp. Så langt har me berre gjort avtalar basert på Nasdaq-prisen, seier ein eksportør.

Beintøff marknad

Etter det IntraFish får opplyst er det framleis laks igjen frå denne veka som ikkje er selt. Den går no til prisar under nivåa det vert handla for den kommande veka.

- Marknaden er beintøff. Kundane har makta, dei har lager og Noreg pressar på med meir fisk. Og me må slakte fordi det er svært god tilvekst. Det er mykje laks som er lagt på fryselager både i Noreg og i utlandet. Det kan fort bli ein lengre periode med låge prisar framover, seier ein av kjeldene IntraFish har snakka med.

Få handlar er gjort

Etter det IntraFish får opplyst er det gjort lite konkrete handlar så langt i dag. Men slik det ser ut i 14-tida vil prisane for laks mellom 3 og 6 kg ende på rundt 40-45 kroner levert Oslo. Laks over 6 kg lever derimot sitt heilt eige liv, og blir handla frå 60 kroner per kg og oppover.

Til oppdrettar er prisane dermed 1-1,50 kroner under det nivået. Det betyr slike prisar til oppdrettar:

  • 3-4 kg – 39-40 kroner
  • 4-5 kg – 40-42 kroner
  • 5-6 kg – 42-44 kroner
  • 6+ – 60 kroner og oppover.

Også på Fish Pool merkar dei at aktørane er begynt å bygge lager for å ta av seinare. Det påverkar framtidsprisane for fjerde kvartal der det er stor avstand mellom kjøpar og seljar.

- Kjøparane i Europa er begynt å bygge lager tidlegare enn normalt. Dermed er prisane litt lågare for fjerde kvartal. Akkurat no er det kjøpar på 56,70 kroner for fjerde kvartal, mens seljar er på 58,50 kroner, fortel administrerande direktør Søren Martens i Fish Pool til IntraFish.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.